Om oss

Velkomen til Silkevippa!

Silkevippa held til i Vinje kommune, i Telemark, i ei gamal koseleg tømre midt i Åmot sentrum.                                                                                                        

Like ved E-134, der mange køyrer når dei skal aust eller vest, ligg det sjarmerande og litt rare huset vårt. Huset som opprinneleg var eit hotell, har mange rom og krokar, og du finn eit rikt utval av spanande varer for store og små.                                                                                                                                                

Både huset og vareutvalet er i stadig utvikling, og sidan starten i 2010 har det skjedd store endringar. Me har nå ca 200 kvm med varer, i rom der plater, tapet og golvbelegg frå oppussingar på 40-,50- og 60-talet er rive vekk. Dei orginale tømmerveggane, golva, dørane og vindauga har igjen koma fram.                                                                                                                                                                          

I vareutvalet vårt er me opptekne av god kvalitet og design. Me har mykje norsk design, då det er veldig mykje spanande som har skjedd her dei seinare åra. Me har mykje leiker, barneklede, dameklede, sko, interiør, te, godt mm. Du finn varer i alle prisklasse hjå oss.                                                                                                                                         

Nokre av våre merke er: Lilleba, ko:ko, Sirri, Safe Candle, Happylights, Bloomingville, Dr.Martens, El Naturista, Blafre, Image, Jabadabado, Name It, Object, Sebra, Memini, Lama, Heimdal Sjokolade, Tante Pose, Løv og Pukka.                                                                                                                                                          

I tillegg har me vårt eige merke, Silkevippa, som er ullklede i eige design.  Det er Sirri (færøysk merke) som har produksjonen for oss.  Både Sirri og Silkevippa er  merke som me har engrossalg på i Noreg.

Me ynskjer deg velkomen til bui vår i Vinje, og nettsida vår her! 

Beste helsing Anne Tveito Skjævesland og Kari Nordstoga

                                                                             

Silkevippa As  Org nr: 995 102 838 mva